Kva har eg i sekken min?

Kva har eg i sekken min

Dette hadde eg ikkje tenkt på før noen dagar sidan. Eg var heldig og blei med i ei MOT økt på ungdomstrinnet. Eg skulle hjelpe når det trengs, tenkte at det blir to lange timer. Eg kan trygt seie at det var eg som fekk hjelp denne dagen. Eg sjølv fekk reflektere over det MOT informatorane presenterte til ei gruppe 8.trinn elevar.

Økta handla om den usynlige sekken alle bærer på ryggen. Kva har eg i sekken min. Kva veit dei andre rundt meg om det som eg har på ryggen min. Særlig når ein er ny i eit nytt miljø, på forskjellige grunnar om eg er ein ungdom eller ein vaksen, om eg er norsk og har flytta frå ein annen kommune eller skule, om eg er ein flyktning som har nettopp flykta frå heimlandet mitt til eit nytt land, kultur, skule og språk. Er den tungt og vanskelig å bære, er det lett å snakke med andre om det, har eg noen å snakke med om det. Det er ein vanlig kvardags opplevelse for mange, både ungdommar og vaksne.

Eg kjente meg igjen i det som skjedde. Det er ikkje så lenge sidan eg var denne nye personen. Eg hadde ein veldig tung sekk på ryggen min. Dei andre rundt meg her visste ikkje om det. Eg hadde ikkje lyst å snakke om det. Likevel var det mange som hjelpte, mange som inviterte meg og familien min på besøk, mange som var veldig tålmodige med meg mens eg lærte språket og blei kjent med kulturen.

I MOT økta fekk elevane eit bilde av ein som hadde det vanskelig, utfordring var korleis skulle dei reagere? Skulle dei ignorere det og forsette som vanlig eller skulle dei hjelpe? 8.trinn elevar reagerte sterkt på det. Dei kom på måtar dei kunne hjelpe med. Dei forslo å invitere ein sånn person å bli med i friminutt, idrettsaktiviteter, og på besøk. Dei hadde mot å ta egne val i ein sånn situasjon. Dei valte å ta imot ein sånn person i sirkelen. Reaksjonen var spontan og naturlig, elevane ville verkeleg hjelpe.

Mobbing har mange former og grader. Ein ungdom er kanskje ikkje så bevist av rollen ein kan spele i å gjere livet lettare eller vanskeligare for andre rundt seg. MOT hjelper dei å verkeleg sjå andre, at ingen er usynlig i gjengen, at ingen blir utestengt, at det er viktig å spele i lag, å passe både på seg sjølv og på andre rundt, å ta egne val og finne på dei verdiane som dannar vegen mot eit betre inkluderande samfunn. Inkludering og integrering skjer ikkje av seg sjølv. Det krevje mot og vilje til å bygge bruer og ta initiativ.

Susan Hassan Abdallah

 

 

 

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s